Ansiktskrem frå Symre hudpleie

Ansiktskrem frå Symre hudpleie

Vanlig pris
370,00 kr
Salgspris
370,00 kr
Vanlig pris
Utsolgt
Enhetspris
per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Symre ansiktskrem med raudkløver & nyperoseolje passar for alle hudtypar, men er særskilt god om du har urein hud eller hud med aldringsteikn. Kremen er mjukgjerande og næringsrik.

Den inneheld få, men gode og naturlege ingredienser:

🌸 Talg utgjer basen for kremen og er fantastisk for huda vår! Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår, og trekker difor raskt inn og gir næring. Har eit naturleg innhald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K.

🌸Uttrekk av raudkløver i tistelolje gir også masse næring til huda. Tistelolje er velegna til alle hudtypar, og er den vegetabilske olja som inneheld størst mengd av omega 6-feittsyra linolsyre. Økologisk raudkløver frå Een gard kan ha ein rensande, nærande og mjukgjerande effekt.

🌸 Nyperoseolje er særs næringsrik og har mellom anna eit høgt innhald av antioksidanter. Den kan ha ein regenererande, oppstrammande, helande og cellefornyande virkning. Dette er ei veldig god olje til ansiktet, og er ekstra godt egna til moden, tørr og sensitiv hud.

🌸 Rosegeranium er mykje brukt i hudpleie for sine eigenskapar mot urein hud, eksem og aldrande hud. Rosegeranium er ei nydeleg og djup lukt av rose. Den kan virka avslappende, og i tillegg ha ein betennelsesdempende, sårhelande og revitaliserende effekt.   

Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar 💚


INNHALD INCI: Tallow, Carthamus Tinctorius Seed Oil, Trifolium Pratense Flower Extract, Pelargonium Roseum Leaf Oil.

INNHALD PÅ NORSK: Økologisk talg frå garden Een gard og frå andre utvalde gardar i lokalmiljøet deira, økologisk kaldpressa tistelolje, uttrekk av økologisk raudkløver frå garden deira, økologisk kaldpressa nyperoseolje, rosegeranium.

HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys. 

Kremen er sertifisert og har sikkerheitsrapport.

60 ML